Kurs

Medisinsk yoga – hormonyoga

Ei roleg og tilgjengeleg yogaform der pust, mjuke rørsler og avspenning gir rom for kontakt med kroppen. Undervisninga inneheld òg øvingar som kan støtte hormonell balanse og velvære.

Enkel strekteikning av ei kvinne i lotusstilling

Hormonyoga

Hormonyoga fokuserer på nervesystemet, hormon, restitusjon og sjølvinnsikt. Det er eit kvinneleg perspektiv, hormonkunnskap og forståing for den naturlege rytmen i kroppen. I hormonyoga finst ingen prestasjonar. Rørslene er mjuke, rytmiske og tilpassa behova til kvinnekroppen gjennom dei ulike fasane i livet. Her handlar det ikkje om å tøye kroppen, men om å lytte til han og skape rom, ikkje press. Resultatet kan vere meir energi, betre søvn, eit rolegare sinn, ei djupare forståing av kroppen og auka eigenomsorg.

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som opplever stress, indre uro, søvnvanskar eller spenningar, og for deg som ønskjer eit rolegare forhold til eigen kropp. Øvingane kan tilpassast og gjerast sitjande på stol eller liggjande.

Slik går timane

Vi startar med å lande og kjenne etter. Deretter følgjer enkle pusteøvingar, rolege rørsler, lengre avspenning og meditasjon.

Dette seier deltakarane

«Elsa er ein utruleg dyktig formidlar. Ho har ein lettskap over seg, samtidig som ho har ei tydeleg tyngd i det ho gjer. Roa Elsa skaper rom for i yogaen, er heilt spesiell. Ho kjennest langt inn i kroppen og hjartet og er verkeleg fantastisk næring for det parasympatiske nervesystemet.»
Ragna — deltakar på medisinsk yoga-hormonyoga
«Det er ei glede for meg å vere med på timane dine. Eg kjenner at det hjelper godt i ein stressa kvardag. Takk.»
Siri — deltakar på medisinsk yoga-hormonyoga

Kursleiar

Møt Elsa

Elsa, kursleiar i medisinsk yoga-hormonyoga

Elsa

Jordmor og yogalærar i medisinsk yoga-hormonyoga

Elsa er jordmor og utdanna yogalærar i medisinsk yoga-hormonyoga for kvinner og gravide. Ho har òg utdanning innan mediyoga og yoganidra.

Gjennom arbeidet som jordmor har ho i mange år følgt menneske tett gjennom store kroppslege og kjenslemessige overgangar.

HormonyYoga – medisinsk yoga for kvinner