Tilbod
Yoga Nidra

Kva er Yoga Nidra?
Yoga Nidra er djup avspenning — ikkje det same som vanleg kvile. Det er ein medviten tilstand der nervesystemet roar seg effektivt ned. Kroppen slepper spenningar, og sinnet held seg vake og klart samstundes som du kviler djupare enn i vanleg søvn.
Når kroppen får vere i denne tilstanden, kan kortisolnivået søkke, blodtrykket gå ned og musklane sleppe taket. Det er som om kroppen sitt eige fred-og-ro-system tek over. Mange opplever at dei får betre overskot, lettare søvn og ei kjensle av å ha lada batteria — sjølv etter kortare økter.
Den djupe roa gir kroppen rom til å arbeide med opplevingar og restituere skikkeleg. Det er ein av grunnane til at mange bruker Yoga Nidra i stressa periodar eller når kroppen treng ekstra omsorg.
Kva kan du oppleve?
Ei typisk Yoga Nidra-stund varer frå 30 til 45 minutt. Du treng berre liggje på ei matte med ei pute under hovudet og eventuelt eit pledd over deg. Øvinga passar godt både for deg som er nybyrjar, og for deg som har praktisert liknande teknikkar tidlegare.
Vi tilbyr Yoga Nidra som ein del av enkelte samlingar og kurs. Ta kontakt dersom du vil vite når neste gong er, eller om du vil melde interesse for ei eiga gruppe.
Vil du vite meir?
Send oss ei melding, så seier vi frå når vi har ei ny Yoga Nidra-samling eller eit nytt kurs klart.
Kontakt oss