Andedraget

Møt oss

Vi kjem frå ulike faglege tradisjonar, men deler eit ønske om å skape trygge rom med nærvær, respekt og fagleg tyngd.

Elsa og Johannes

Elsa og Johannes

Elsa

Jordmor og yogalærar i medisinsk yoga

Elsa er jordmor og utdanna yogalærar i medisinsk yoga. Gjennom arbeidet som jordmor har ho i mange år følgt menneske tett gjennom store kroppslege og kjenslemessige overgangar.

Ho har lang erfaring med å halde kurs i medisinsk yoga for gravide, både gjennom arbeidet som jordmor og no i eiga verksemd. I undervisninga legg ho vekt på rolege og tilgjengelege øvingar, pust og kroppsmedvit, med rom for at den enkelte kan tilpasse øvingane til eigne behov.

Johannes

Teolog, sjukehusprest og psykoterapeut

Johannes har over 20 års erfaring med psykoterapeutisk arbeid frå gruppepoliklinikken ved Jæren DPS. Gjennom mange år har han arbeidd med menneske som strevar med mellom anna stress, depresjon, angst og krevjande livssituasjonar.

Dei siste 15 åra har han undervist i mindfulnessbasert kognitiv terapi (MBCT) ved Jæren DPS. Han er særleg oppteken av korleis mindfulness kan hjelpe oss med å møte vanskelege tankar, kjensler og livserfaringar med større merksemd, nysgjerrigheit og vennlegheit.

I dag arbeider Johannes som sjukehusprest, der han møter menneske i sjukdom, livskriser og eksistensielle spørsmål.

Utgangspunktet vårt

Kva motiverer oss

Vi trur at endring sjeldan handlar om å presse seg hardare. Ofte byrjar ho med å stanse opp, leggje merke til det som allereie er her og møte seg sjølv med mindre kritikk.

Det motiverer oss å sjå menneske finne eigne ressursar og få eit meir berekraftig forhold til stress, uro og skiftande livssituasjonar.